Når ein avinstallerer program i Windows er det ikkje alltid at alle filer som høyrte til programmet vert sletta, det ordnar Revo

revouninstaller Revo Uninstaller   avinstallering gjort skikkeleg

Personar som meg avinstallerer ein heil del. Personar som meg installerer alle typar program for å teste dei ut, eller sjå om det finst nokre betre alternativ til dei progamma ein allereie har. Når ein har ein Windows-PC og avinstallerer mange program, vil ein ende opp med fullt av filer, registeroppføringar og andre ting frå tidlegare installasjonar. Dei vert ikkje fjerna i avinstalleringsprosessen.

Windows har ein innebyggja avinstallatør, men denne er ofte treig og viser ikkje alltid alle programma som verkeleg er installert på datamaskinen. Ein del har difor hoppa overt til CCleaner og bruker den til å avinstallere program dei ikkje vil ha, men heller ikkje CCleaner gjer ei skikkeleg opprydding etter programma.

revoavinstallering 446x300 Revo Uninstaller   avinstallering gjort skikkeleg
Revo har fleire avinstalleringsval

Revo Uninstaller gjer derimot jobben grundig. Revo henter raskt fram alle programma som er installert og gjer det fire val når det kjem til avinstalleringa: Innebygd, trygg, moderat og avansert. Innebygd bruker avinstallatøren til programmet (slik Windows gjer). Trygg bruker avintallatøren til programmet i tillegg til å søke etter filer som høyrer til programmet, som ikkje har vorte sletta. Moderat er den same som den forrige, berre at han er meir grundig. Avansert utfører det mest grundige søket etter filer som ikkje vart sletta med programmet.

Ein av dei funksjonane Revo kan skilte med som andre ikkje har er jaktmodusen. Jaktmodusen lar deg klikke på det programmet som skal handsamast. Du kan deretter velje om du vil avinstallere det, hindre det i å starte opp med Windows og andre liknande oppgåver.

Revo har òg fleire funksjonar som enkel tilgang til nyttige verkty som er innebygd i Windows, men er vanskelege å finne og autokjørhandsamar. Revo har òg eit enkelt grensesnitt som gjer det særdeles enkelt å bruke Revo. Revo har òg norsk språkdrakt (bokmål, nynorsk kjem i neste versjon), noko som gjer at alle enkelt kan bruke det.