Fleire store firma har no gått i saman om å laga en trådlaus standard for overføring av HD og digitalt innhald
AMIMON har utvikla ein overføringsmetode for digitalt multimedia, med støtte for HD-materiale. Teknologien vert kalla WHDI (Wireless Home Digital Interface) og overfører på 5GHz, noko som gjer at veggar og møbler har liten effekt på signalet. No har Sony, Sharp, Hitachi, Motorola og Samsung gått saman med AMIMON for å vidareutvikle teknologien og gjere han til ein standard blant selskapa. Planen er at standarden skal vere ferdig i løpet av seinast 2009.
WHDI vil gjere det mogleg å overføre HD-innhald med oppløysning opptil 1080i. Teknologien vil støtte alt frå fjernsyn, spelkonsollar, prosjektorar, datamaskinar, DVD og BD-spelarar. WHDI vil gjere det mogleg for dei ulike enhetane å kople til kvarandre utan problem. Dr David Lee som er grunnleggjaren av HDMI-standarden, sit som eit medlem i direktørpanelet til AMIMON fortel at den nye standarden «komplementerer dei noverande trådluase og tråda standardane (…) i heimen». Standarden vil klare å overføre fullt HD-innhald med mindre enn eit millisekund forsinking.