Svakare part tek rotta på Intel

VIA som er ein av dei chipset-produsentane som er så godt som ukjent i Noreg, tek rotta på storebror Intel

Mange kjenner i dag til Intel. Alle som har ei lita interesse for PC veit at Intel er ein av dei store chipset-produsentane. Intel kan òg skrøyde på seg populære prosessorar som Intel Core2 Duo og liknanade. Sjølv om ein kanskje skulle tru at ein slik stor produsent kunne halde overtaket, er det likevel ikkje heilt slik.

Intel held no på å rulle ut sin nye prosessor, Intel Atom, som skal byte ut Intel Centrino. Centrino har i fleire år vore plattformen for mobile prosessorar. VIA, ein chipset-produsent for Taiwan, har òg utvikla ein mobil prosessor. Prosessoren skal vere straumgjerrig, slik at han kan brukast i små mobile enhetar, utan å tappe for mykje straum.

I ein test kor ein speler av HD-video ser ein tydeleg at VIA sin Nano-prosessor gjer ein mykje betre jobb enn Intel sin Atom-prosessor. Videoane er i formatet WMVHD, som er Microsoft til propertiære HD-format. Begge PC-ane er to mini-PC-ar som er meinte til å vere ekstra mobile.

For å få bevis, sjå videoen under:

Det er ikkje fyrste gongen at VIA sin Nano-prosessor kjem godt ut av testar mot Intel sin Atom-prosessor. I ein relativt ny PCMark Vantage, kjem Nano litt betre ut enn det Atom gjer.

Ikkje gløym at relevante kommentarar kan skaffe deg ein Slingbox

Oppdatering (5/8): I ein test har det vist seg at PC-en som kjørte Intel Atom òg kan kjøre HD-filmar utan problem.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...