SyncToy v2 – endeleg!

SyncToy, som kom i versjon 1 for tre år sidan, har no endeleg kome i versjon 2

Microsoft har hatt ei suite med ulike små verkty til Windows kalla Power Toys. Denne suita er i hovudsak laga for Windows XP, men fleire av programma er òg brukelege i Windows Vista.

SyncToy er eit eige verkty (eller leikety?) som synkroniserer mapper. Me har tidlegare skrive om SyncBack, men eg vil hevde at SyncToy gjer ein like god jobb, berre enklare. Det einaste ein kan utsetje på SyncToy er at det er litt meir arbeid å setje opp faste tider ein skal kjøre tryggingskopiering.

SyncToy har eit mykje enklare grensesnitt enn det SyncBack har. Når ein opprettar nye mappepar, vert ein ikkje bombardert med ei rekke ulike val; ein får tre:

  • Synchronize (Synkroniser): Synkroniserer dei to mappene du har veld. Namneendringar, sletting, oppretting og oppdaterinar av filene i ei av mappene vil òg utførast i den andre mappa.
  • Echo (Ekko):Den høgre mappa er eit speglbilete av den venstre. Namneendringar, sletting, oppretting og oppdateringar av filene i den venstre mappa vil verte gjort i den høgre mappa.
  • Contribute (Bidra): Den høgre mappa inneheld alt som den venstre mappa inneheld. Namneendringar, oppretting og oppdatering

I oversiktbiletet til kvart mappepar kan ein endre på om ein ynskjer kun å inkludere ein type filer eller eventuelt ekskludere ein type filer. Til høgre kan ein òg få opp ei full liste over alle mappepara som du har satt opp. Som det vart nemnt ovanfor, er det ikkje like lett å lage timeplanar. Det er likevel lage ein særdeles enkel guide på dette som ligg med SyncToy. Ein trykker på Help oppe i menylinja og vel «Learn How to Schedule SyncToy…». Du vil då få opp ein punktvis guide korleis ein set opp SyncToy til å kjøre automatiske synkroniseringar både for Vista og XP.

Last ned SyncToy v2

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...