Alle som har Windows Vista har brukt tid på å prøve å finne dei instillingane ein har lyst til å endre. Det er ikkje til å skyve under ein stol at Vista for mange er rein forvirring kvar gong ein skal gjere instillingar. Difor er det greit at nokon tek seg tida til å gjere det enklare for oss alle.

Me har her på TeknoNytt tidlegare skrive om Vista4Experts, som let gjere instillingar i Vista, slik at det oppfører slik ein har lyst. Programmet har eit enkelt grensesnitt, men nokre (inkludert underteikna) har hatt nokre få problemer med programmet under norske installasjonar av Windows Vista.

Ultimate Windows Tweaker er Vista4Experts på steroidar. Her er valmoglegheitane mange fleire enn det ein hadde i V4E. Grensesnitt er heller ikkje like forvirrande som nokre følte at det kunne vere i V4E, kor ein nokon gongar skulle huke av, setje kryss eller tømme feltet. I UWT er det anten ein avkryssingsboks eller ei rullegardinliste.

Ultimate Windows Tweaker gjer deg enkel systeminformajon om Windows. Du kan òg gjere diverse utsjåandeinstillingar for startmenyen, Windows Utforskar og oppgåvelinja. Ein får instillingar for brukarkontokontrollen (den berømte UAC-en) og brukarprofilar. Ein får ulike moglegheitar til å auke systemytinga, endre tryggleiksinnstillingar, endre vala for Internet Explorer. Ein kan òg optimalisere nettverksinnstillingane i tillegg til andre småting som kontekstmenyar (høgreklikkmenyar) og Windows sin registreringsinformasjon.

uwtskjermdump 630x426 Ultimate Windows Tweaker   optimaliseringsverktyg for Windows
Ein får til og med Windows 7-liknande val for UAC

Som de sikkert forstår er det ganske omfattande kva ein kan endre på i Ultimate Windows Tweaker, likevel er det heile presentert i eit grensesnitt som ikkje vert forvirrande. Nokre av innstillingane kan kanskje vere litt utanfor nokon sin fatteevne, men det aller meste bør vere slik at dei fleste kan ta UWT i bruk.

Ein får tak i Ultimate Windows Tweaker frå denne sida. Nedlastingsknappen ligg til høgre rett ovanfor den raude skrifta.