Av og til kjem ein over filmar på YouTube eller liknande sier som ein skulle ynskje ein kunne ha på mobilen, iPoden eller berre lokalt på datamaskinen, slik at ein kunne syne han til andre når anledningen bøy seg. Nokre sider har allereie støtte for dette og YouTube har nett byrja å leggje til nedlastingslenker til nokre av deira videoar.

Me har tidlegare skrive om korleis ein kan laste ned filmar frå YouTube her på TeknoNytt, og her kjem me med nok eit tips om korleis ein kan nyte YouTube-filmar kor ein sjølv måtte ynskje.

VDownloader er eit program som lèt deg laste ned videoar frå YouTube, DailyMotion, Google Video og Yahoo! Video. Det er òg mogleg å søke på sidene. VDownloader utfører då eit søk på alle fire sidene på ein gong og ein får opp ei liste med knøttbilete, med ein “spel av”-knapp og ein nedlastingsknapp.

Når ein skal laste ned filene kan ein velje kva format ein ynskjer å få fila i. Ein kan anten berre laste ned flashfila, lyden eller få fila konvertert til eit anna format. Ein kan få videoen ut i avi-format for datamaskinar eller i storleik og format for iPodar, iPhonar, PSP-ar, mobilar eller til og med for DVD. Alt er presentert i eit grensesnitt som er lett å forstå.

Eit enkelt grensesnitt i VDownloader
Eit enkelt grensesnitt i VDownloader

VDownloader har òg ein innebyggja nettlesar. Her kan ein gå til andre vevsider som ikkje vert støtta i den innebyggja søkemotoren og laste ned videoar. Det ligg lenker til mange ulike videosider og når det vert oppdaga ein video på sida, kan ein enkelt laste han ned via lenka som ligg under adresselinja.

VDownloader si heimeside og nedlastingsside.