VirtuaWin gjer deg enkelt fleire skrivebord

Ved meir eller mindre ein slump at eg oppdaga VirtuaWin og gjett om eg er glad at eg gjorde!

Linux har hatt det i ein god del år. MacOS har fått det i det den siste oppdateringa, Leopard. Windows… har vel eigentleg aldri hatt det. Det er sjølvsagt sikter til er virtuelle skrivebord. Med desse kan ein oppnå betre kontroll over programma ein har, spesielt om ein bruker mange på ein gong.

For dei som ikkje veit kva eit virtuelt skrivebord er, er det kort sagt fleire skrivebord. I staden for å ha eitt skrivebord, slik ein er van med i Windows og tidlegare MacOS-versjonar, har ein fleire. I MacOS vert dette kalla «Spaces» og i Linux vert det enkelt og greit kalla for skrivebord. Med virtuelle skrivebord kan ein dermed ha fleire skrivebord med ulike program opne. Ein kan til dømes ha eit skrivebord med arbeidsrelaterte vindauge, medan ein har eit med nettlesaren open på 123spill og eit tredje skrivebord kor ein har alle pratevindauga frå Windows Live Messenger.

Eg har lenge leita etter eit program som gjer det mogleg med fleire skrivebord i Windows, på ein enkel måte. Det har vore mange program som har vore prøvd, men dei er ofte tunge å kjøre og tar lang tid å gje respons. Då eg ved eit tilfelle såg ikonet til VirtuaWin og namnet ved sida, på eit skjermbilete googla eg namnet og fann løysinga på problemet eg hadde gjeve opp å finne løysing på: virtuelle skrivebord i Windows.

Ressursbruken er låg
Ressursbruken er lav

VirtuaWin er eit prosjekt med open kjeldekode som er gratis å laste ned og bruke. Det gjer deg enkelt tilgang til skriveborda dine gjennom snarvegane Windowstast+[piltast]. Det er fire skrivebord satt opp som standard, men ein kan endre på mengda om ein ynskjer. I systemkorga er det òg eit lite ikon som syner deg kvafor eit av skriveborda du brukar for augeblinken.

Om ein trykker på ikonet får ein opp ein meny som gjer det mogleg å flytte program mellom skrivebord, syne eit program på alle skriveborda eller hoppe til eit program på kvafor eit av skriveborda ein ynksjer.

Ein ting ein bør hugse når ein bruker virtuelle skrivebord er at sjølv om program forsvinn frå oppgåvelinja når ein skifter skrivebord, er det likevel ikkje borte. Det vil halde fram å kjøre i bakgrunna og trekke systemressursar, ute or syne tyder altså ikkje ute av verda.

Her kan ein laste ned VirtuaWin

Her kan ein laste ned alternative ikonsett

Modular for utvide funksjonalitet

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...