Windows 7 beta sleppes for alle

Steve Ballmer hadde mildt sagt store nyhender for dei som er interessert i den neste Windows-versjonen, Windows 7.

I desse dagar føregår CES (Consumer Electronic Show) i Las Vegas. Alle dei store selskapa som har noko å seie innanfor forbrukarelektronikk har kvar sin stand. Det er ofte store nyhender på CES, så messa har vorte særdeles populær og er ein av dei stadane kor det er mykje spekulering om kva som kjem til å verte annonsert.

Steve Ballmer hadde i dag sin presentasjon på vegne av Microsoft. Han kunne fortelje at Windows 7-betaen har vorte sluppe til dei som abonnerer på MSDN (Microsoft Developer Network) og TechNet. I morgon, fredag, kjem Windows 7-betaen til å verte sluppen for alle som vil laste han ned. Nedlastinga vil verte lagd ut på Microsoft sine eigne sider for Windows 7.

Steve Ballmer hadde ikkje anna enn lovord å seie om Windows 7. Kanskje ikkje så rart sidan det har vist seg at Windows 7 er raskare enn både Windows XP og Windows Vista. Windows 7 har òg vorte godt motteke av media og bloggarar.

Det at Microsoft vel å leggje ut Windows 7 til fri nedlasting kan ein kanskje ta som eit teikn at dei gjer opp kampen med piratnettverka. I staden for at Windows 7 skal liggje ute i mange ulike piratversjonar, vel dei heller å gje folk eit skikkeleg alternativ. Ein anna fordel dei får er at det sannsynlegvis er fleire som vel å laste ned den lovlege betaen i staden for den som ligg på piratnettverka, noko som gjer at det vert fleire testarar, som igjen gjer at det vert lettare å finne feil.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...