Vevtenestane til Microsoft kjem til å få eit lite andeleteløft på ikonsida i den neste utgåva
Windows Live er namnet som tok over etter MSN. Sjølv om MSN enno lever, er det likevel Windows Live som er et storefokuspunktet frå Microsoft si side. Ein av tinga dei ville endre på same tid som namneendringa var integrasjonen mellom applikasjonane og Windows, noko dei til ein viss grad har klart. Det vart òg klart at nokre av programma som tidlegare har vore ein del av Windows, nok kun kjem til å kome i Windows Live-utgåve (til dømes Windows Movie Maker (no Windows Live Movie Maker)).
På nyåret er det venta ei ny utgåva av programsuiten til Microsoft. Det er i denne samanhengen at dei i tillegg har bestemt seg for å gjere litt endringar i ikona. Ikona har fått seg ei lita oppfrisking, i tillegg har dei no alle fått den vesle gule «svusj»-linja som òg Internet Explorer 7 og 8 har.