Yr.no kjem til mobilen

Den populære vevtenesta Yr.no kjem i eigen mobilform til hausten.

Yr.no vart lansert i desse tider i fjor og er eit samarbeid mellom NRK og Metrologisk Institutt. På yr.no kan ein få vervarslinga for særdeles spesifikke områder rundt om i det vidstrakte land. Tenesta har hatt ei enorm vekst det fyrste året og har vakse fram som ei av dei ti mest vitja sidene frå Noreg.

-(…) sidene er for store og tunge til at dei er gode å bruke på vanlege telefonar, fortel Erik Bolstad på bloggen til NRK beta. Han kan òg fortelje at mobilutgåva av yr.no kjem til å kome i to versjonar: ein versjon som ein kan installere lokalt på mobilen, medan ein er vevbasert og kan brukast gjennom nettlesaren på mobilen.

Tenesta er allereie ute i testing og kan finnast på www.erikbolstad.no/m. Du kan gå til sida anten med nettlesaren på dataen eller bruke nettlesaren på mobilen. Ingen av temperaturane eller varslingane er reelle ettersom det berre er navigasjon og utsjåande som skal testast. Du kan òg bidra med tilbakemeldingar i kommentarfeltet under bloggposten.

Relaterte artikler

Hva er en kryptolommebok?

Kryptolommebøker har utviklet seg til å bli en uunnværlig...

Kryptovalutaens utvikling: Forståelse av dens fortid

Siden Bitcoin så dagens lys i 2009, har kryptovalutaer...

Luftfukter: en guide til optimal innendørs luftfuktighet

Luftfuktere er blitt en uunnværlig del av mange husholdninger,...

Mobildeksel – den stilige beskytteren

Noe så hverdagslig som et mobildeksel kan fort bli...

Kan du kjøpe sko med krypto?

Kryptovalutaer har gradvis integrert seg i vår hverdag, og...